hits

Ein ny fantastisk skitur på Høvringen

Etter ein slapp gårdag (eller rettare sagt så var det eg som var slapp...) så vart det dagstur til Høvringen og skitur i dag. 

 

Først var det avslapping på hytta og innkassering av det 12. (!) OL-gullet til Norge.  Nesten uvirkeleg - vi er nå så bortskjemte at er det ein dag utan gull så blir vi nesten sure.  For i går fekk vi kun sølv.  Og det etter ein bedrøveleg skyting av jentene på mix-stafetten.  Men gutta ordna opp og klarte å sikre oss medalje denne dagen også slik at dagen ikkje vart heilt svart. 

 

Attende til Høvringen og skitur.  Vi stilte også i dag med breie ski og stavar med gammaldagse trinser.  Og nede i sekken var det både varm drikke og kle-skifte. 

 

Mange turister på Høvringen nå - men etter ruta vår var det ikkje mange å sjå.  Nordover i retning Veslekuva med Vadet-hytta som mål.  Her inntil hytteveggen var det kvilebenk mot sør - så vi lurte godt nordatrekken som vi hadde imot på oppoverturen.  Heimover att kunne vi berre kose oss og gli med litt hjelp i ryggen - og med ei sol som av og til titta fram. 

 

Ein veldig flott skitur i dette området - igjen! 

 

Her er vi ved Vadet-hytta og kan kvile og beundre den fantastiske naturen rundt oss på alle kantar: 

 

 

På heimtur nedover mot Vardhø.  Langt i det fjerne skimtar vi Heidalsmuen - og også fjella i Jotunheimen:

 

Den fantastiske vinteren held fram....

Nok ein fantastisk vinterdag er historie.  For i vinter har vi hatt eit eventyrleg ver - sjølv om vi trudde vi kom til å snø ned for nokre dagar sidan.  Men de siste dagane har nedbøren teke seg ei god pause som gjer at hustak rundt omkring har levd mindre stressande dagar. Iallfall for ei stund... 

 

I dag gjekk eg også t/r nedre Søljurusti.  Start frå Grind. 

 

Har du lyst på ein litt tøff og delvis bratt fot-tur på ein god og tråkka sti så er dette det rette valet.  Da får du brukt ca 2 timar av dagen til fysisk fostring.  Så enkelt.  Men kanskje likevel så vanskeleg..?  Turen vil du iallfall ikkje angre på !    

 

Framme på snuplassen oppe ved vegen på nedre Søljurusti.  Her har vinter-tur-o-kassa  gøymt seg godt i snøen (i grana til venstre) - men tydelegvis ikkje godt nok: 

 

 

Flott og vinterleg ved Wahlquist-setra i dag:

Fortsatt vinter

Frå Olaf:

Lasskjørarvegen Grind-Nedre Søljurusta er grei å gå uten truger, men sørover mot Styggdalen, Hånåhoppet og Gudbrandstugu er det nødvendig med truger.

Styggdalen er grei og gå ned, det meste er ryddet, litt nedfall et par steder. Ned fra Hånåhoppet en del nedfall øverst oppe, ryddet nederst mot Styggdalsvegen. Hånåhoppet - Gudbrandstugu mye nedfall og vanskelig å komme fram. I Geilen er det en del nytt nedfall som det er de fleste steder.

På fjellet lever innbyggerne som best de kan. Haren har fått smaken på nedfallet av solsikkefrø etter meisene, mikkel sniker stadig etter haresteik, men kom visst litt for seint denne gangen også og haren er rask til beins. Men ta en tur og opplev vinterskogen, det går mot vår noe de raklene i orderskogen viser.

Mvh. Olaf 

   P12_T_TIME=1751,FG=81920000,FT=-1966276608,NIR=0,GM=0,CDS = 2,CT=1,EV=128,TY=38,PY=92,DY=106,GB=0x17,NY=128,AE(0,160,80,160,320)P12_T_TIME=1751,FG=81920000,FT=-1966276608,NIR=0,GM=0,CDS = 2,CT=1,EV=128,TY=38,PY=92,DY=108,GB=0x1e,NY=128,AE(0,320,80,160,320)P12_T_TIME=6975,FG=81920000,FT=-1966276608,NIR=0,GM=0,CDS = 2,CT=1,EV=128,TY=38,PY=92,DY=102,GB=0x16,NY=128,AE(0,160,80,160,320)

Formiddagstur til nedre Søljurusti

Vinden i går hadde ikkje fått tak i skogen mot nedre Søjurusti.  Snøen heng difor framleis godt fast i trea oppover her. Så difor var stien godt farbar i dag.  Men like bratt som alltid... 

 

Da nytta 5 damer anledningen til å få seg ein god trimtur i fint vinterver.  Start frå Grind.  Sjå bilde under.

 

Det var tøft å komme seg heilskinna gjennom «skogen» mellom Høgmolykkja og Dokkalykkja.  Vinden i går hadde sørga for at stien stort sett var heilt borte og gjorde at det vart ei solid styrketrening på meg i dag før sjølve skogsturen starta. 

 

Og oppover bers det...:

 

Her tek damene ei lita kvileøkt før siste biten: 

 

Taket på hytta nedafor nedre Søljurusti får i vinter testa kvaliteten:

 

Og Solvor hadde med seg klippekort til tur-o-post som nesten har snødd ned:

 

Livet i vinterskogen

Frå Olaf:

Vi lever så forskjellig.  Dompappen, selve julefuglen synes å være mest opptatt av å vise seg fram. Grønnhakkespetten har nok jobbet hardt for å grave en lang gang inn i en maurtuve for å finne føda.  Elgen nyter godt av nedbøyd lauvskog for å beite på knupp og skudd og det ytterste av kvistene. Kanskje mager kost, men det er såpass næring at den overlever vinteren.

Og nå begynner faktisk knuppene og bli større.  Det går mot vår.  

                Mvh. Olaf

 

 

Lykttur til Svartberget

Det er alltid magisk å gå tur i skogen i mørket med lykt.  Spesielt nå med massevis av snø så får ein ei ekstra god dose påfyll til kropp og sjel.  Og med kaffe og kake (og sjokolade!) i sekken så gjorde det ekstra godt å sitte på kvilebenken på Svartberget i går kveld. 

 

For etter at vi hadde lagt att vår dose med sveitte oppover og fått på oss tørre klede så var det berre å «ramle» ned på kvilebenken og la stemninga rundt sige inn.  Passeleg temperatur og snøtunge tre og panoramautsikt til Vinstra sørga for ein topp kveld.  Herleg! 

 

Full oversikt frå kvilebenken på Svartberget: 

 

Og damene kosa seg.....:

 

Mykje snø er visst ingen hindring....

Stien til Teigsetra er framleis grei å gå.  Fleire trugeturar gjennom den snørike vinteren har sørga for det.  Og sjølv om tunge tre og greiner også her har lagt seg over stien så er det heilt greitt å ta seg fram.  Med litt bøy og tøy går det greitt.  Men kjem det meir snø så spørs det....  

 

Eg og Ragna tok ein tøff - men triveleg - tur til Teigsetra i går.  Og vi tok oss sjølvsagt også tid til ei kort pause ved setra før vi baska oss heimover att. 

 

Teigseter-skiltet tittar fram mellom snøen: 

 

Damene er slitne og det gjer godt med ei pause: 

 

Dette må vere Teigsetertrollet som voktar området..:

Brøyteturar i "gamle dågå"

Det var mykje snø enkelte vintre "i gamle dågå" også og strabasiøse turar.  Berre sjå bilete under frå trimturar til Teigsetra.

Februar 2006:

Desember 2007:

 

Ryddegjengen i aksjon - igjen...

Frå Solveig (1.2):

Tre pensjonister i aksjon fra kl 10 i dag.  Oddvar, Robert og Olaf rydda stien fra Giverhaugen og fram til Øldalsvegen, Taarudberga, så nå er det gangbart uten truger!  Jeg serverte dem kaffe og biteti midt i økta og det smakte.

Solveig G

 

Tur oppi Grindberga

« Hei der nede - jammen er damene på tur oppi her i dag også.  trivelig at det kommer besøk hit!  Men dere må være forsiktige og se dere godt for da jeg ser at det er mange tunge og skumle trær som har ramlet og nye som står for tur til å ramle ned rundt her nå.   God tur hjem damer ! »

Og forsiktige var vi på turen.  I dag gjekk det også bra...  Men det byrjar jammen å bli litt utrygt å ferdes her nå.

Her er trioen på full fart i skogen:

 

Trugeturar til Teigsetra

I går kveld var det avtala brøytetur - delvis med truger - til Teigsetra. Men
overraska - og ikkje minst glade - vart vi da vi oppdaga at sporet allereie var
nybrøyta med truger tidligare på dagen. Spente var vi kven som hadde vore på
setra og gjort grovjobben før oss. Og som vi ser under kan vi takke Solveig H
og Rolf for den jobben. Takk!  Her kjem to bilde frå turen deres.
Frå Solveig:
Hei Reidun. Må si at vi er imponert over dere som holder dette råket åpent
vinter etter vinter. For detta var jammen meg tungt. Men med tørre klær,
julekake og varm sjokolade i sekken var det vert slitet. Rusken, Rolf og Solveig


Under kan du sjå bilde frå kveldsturen til oss (underteikna saman med Ragna og Tove). Vi hadde også i går kveld ein aldeles flott tur under ein nesten full måne og nokre få minusgrader i lufta.

Bilde frå kveldsturen i går - mykje snø og to damer som storkoser seg på setra:

 

Skitur på Høvringen - forts frå i går

Vi er jammen nokre vanedyr.  Og det gjeld visst enten det dreier seg om fottur eller skitur ser det ut til.  For skituren på Høvringen i dag gjekk i akkurat same spor som vi gjekk opp i går. 

Men sjølv om sola stort sett var framme også i dag så vart det mykje hustrigare å vere skiløpar.  Og det skuldast ein veldig kald trekk/vind som gjorde 12-13 minusgrader om til kanskje 20 effektive.  Vinden auka på oppover og vi kjente den etter kvart godt i ryggen.  Så da vi snudde og tok fatt på heimturen fekk vi den midt i fleisen. 

Jammen var det godt å komme seg innadørs etter turen i dag!  Men vi hadde likevel ein flott tur - litt tøft ver må ein tåle av og til...  Det gjeld berre å kjenne sin begrensing og snu i tide.

Svein hadde balla seg godt inn - og gjort seg klar for motvind:

 

Skitur på Høvringen

Ein førhelgetur til Høvringen med ski i bagasjen.  Og for eit ver og føre det har vore her i dag! 

Skituren vart heilt topp - kort og godt.  Silkeføre - 2-3 cm nysnø oppå det harde underlaget - 8-10 minusgrader - sol - vindstille.  Bilda under bør tale sitt tydelige språk.

Her er vi i krysset bak Vardhø med Storkuva og Veslekuva rett imot:

Litt væskepåfyll ved Vadethytta (Formokampen til venstre - og Saukampen og Heidalsmuen langt bak helt til høgre):

På attendeturen.  Kan det bli flottare....?  Lett nedoverbakke med Vardhø og sola rett imot.

 

Snørik vinter

Frå Olaf:

Til tross for mye nedfall gleder vi oss over fin vinter med mye snø. 

 

Men mye av viltet har det vanskelig. Denne måren var radmager, hadde kanskje ikke overlevd vinteren selv om den ikke hadde gått i fella.  Både rev og mår har vanskelig for å få tak i smågnagerne som lever i skjul under snømengda. Selv om det begynner å bli noen få spor av snømus og røyskatt igjen går det mot smågnagerår igjen. Verst er det for rådyra, tungt og vanskelig å komme seg fram og vanskelig å sparke seg nedpå lyngen i djupsnøen. Noe lettere for elgen som spiser kvist og furuskudd. Og rype, orrfugl og hare koser seg med skudd på nedfalla og kommer høyere opp til skudd og knupper i takt med snømengda. 

 

Men for oss fotturister begynner det å bli en viss risiko i skogen, særlig med store furuer som står bøyd under snøtyngda og plutselig brekker. Vi får håpe på en skikkelig lekke så skogen rensker seg.  

 

Mvh Olaf

 

Utelunsj på Svartberget i dag

I natt har det vore varmegrader (og sikkert også litt vind?).  Det har gjort underverker oppi skogen på godt og vondt.  Fleire tre hadde gjeve opp kampen mot snømassene i natt og lagt seg over stien.  Men så vart mange av trea nå automatisk rydda for snø og gjer det nok tryggare å gå. 

 

Eg og Tove la lunsjen vår til Svartberget i dag i finveret med ca 0 grader og sol.  Turen gjekk opp berga og forbi Gapahuken og til Svartberget.  Her vart det ei lang pause før turen heim gjekk etter Gudbrandsstuguråket og ned til Grind. 

 

Heldigvis trefte vi på Oddvar på truger med sag og stor innsatsvilje.  Han rydda råka (med hjelp frå Tove) etter kvart som vi kom over trefall og fekk gjort de framkommelige.  Men det var nesten litt skummelt da vi fekk rester av snø frå trea over oss fleire stader.  I krysset oppi berga hadde eit digert tre treft de nye skilta som kom opp i haust.  Det eine var rive av festet og låg i snøen bøygd alle vegar.  Her har det vore krefter i sving.  Enda godt at ingen var der da det skjedde. 

 

Alt i alt ein ny kjempedag i skogen - sjølv om vi nok var litt meir obs enn normalt og såg oss godt omkring etter skakke tre som var på tur til å velte. 

 

Her er ryddegjengen i aksjon: 

 

 

Da er to av trea fjerna frå stien (Tove med krasja skilt i sekken):

 

Og det gjorde godt med kvile og mat og kaffe på Svartberget:

I Gaupholet trefte vi på Øldalstrollet

På turen vår oppover stien mot Teigsetra i formiddag var det på nytt brøyting - og litt rydding.  Denne gongen vart det ein "Teigseter-light-tur" da vi snudde litt over halvvegs (i Gaupholet). 

Her trefte vi jammen også på Øldalstrollet..  Etter at Tove hadde ei kort samtale med skogstrollet så snudde vi tvert 180 grader.  Og vi fekk veldig fart på oss heimover att i dag....

"God dag - kjære skogstroll.  I vinter er det jammen mykje snø."

 

Kosetur til Furuli

Tone hadde med seg barnebarna til gapahuken ved Furuli på pølsefest seinhaustes.  På bildet under ser vi tydeleg at de kosa seg i huken. 

Sti frå brua ved Øldalsvegen i Kleivom - 15-20 min å gå ein veg.  Og sjølv nå i vinter med masse snø så er den tråkka og grei og flat å ta seg fram i.

Frå Tone:

Hei Reidun,

Sender deg et bilde. Det er fra 26. oktober.  Det er Ella og Ingrid Underdalshaugen.

Da gikk vi ettermiddagstur til Furuli og den nye gapahuken! Der grilla vi pølser som var middag den dagen!

Og kosa oss!

Har blitt en veldig fin gapahuk, så vi kommer nok til å ta mange turer dit!

Med vennlig hilsen

Tone Slåen,  som ellers må skryte av den fine lysløypa i Sorperoa om dagen!   Supre forhold!

 

Tur til "canyon of Vinstraelven"

Vi har spektakulær natur nesten rett utanfor stuedøra vår.  Frå Solveig (i går):

Tur inn i "canyon of Vinstraelven" i dag.  Spektakulære og flotte isformasjoner er verdt å se. Det er til tider bratt, men turen anbefales!     

Solveig G

 

 

Rydding og brøyting av stiar held fram

I dag vart Gudbrandsstuguråket mellom Grind og skogsbilvegen tråkka med truger. 

Og ikkje nok med det:  Margrethe og Odd fjerna også alt trefall over stien.  Og det var litt av ein jobb da det var ramla tre og kvister over stien mange plasser. 

Nå er den veldig farbar - til så lenge...  For fleire tre er nå veldig snøtunge og kjem nok til å bukke under ved neste snøfall - om ikkje tidligare...  Så vær obs når du nå ferdes i skogen!

Før ryddinga var det ikkje greitt å komme fram nokre stader: 

Odd og Margrethe har akkurat fjerna eit tre frå stien:

Søndagsturen er sikra

Dersom du vil ta ein fot-tur i nærområdet så har vi brøytarar i gang som
tråkkar ned stiane for deg. Både Solveig H og Solveig G (med følgje av
Olaf) har brøyta i veg oppover stiane våre.
>
Først frå Solveig H:

Hei igjen! Da er Hånåhopp råket trakka oppatt. Da jeg kom opp hadde Olaf G.
vert der for et per dager siden, han hadde kommet fra Gudbrandstugu. Så nå
ligger det tilrette for en fin søndagstur. Mange av råka er trakka. Trolsk
stemning og mye dyrespor. God helg Reidun. Fra Solveig H.

Frå Solveig G:

Mye trefall i Taarudberga men det er greit å gå "rundt" om!  Nå er i hvert fall stien brøytet med truger fram til Øldalsveien og tilbake til Giverhaugen bru.  Fin og lett tur. Solveig og Olaf

 

Teigsetra snør også ned...

Tove har vore på ein ny brøytetur til Teigsetra i går - aleine denne gongen.  Som vi vel alle forstår etter veret vi har hatt de siste dagane så hadde ho ein meir enn tøff tur.  Og bilda under treng vel ingen nærmare omtale - de talar meir enn nok for seg sjølve.  Frå Tove:

I GD 15/1 er det reportasje om Severinsen fra Lillehammer som har gått til toppen av Balbergkampen 122 g i fjor.  Så mange gonger har nok ikkje eg / vi  gått til Teigsætra på 1 år, men måten han beskriv turen på er akkurat som eg skulle sagt det sjøl.  «Om det snør, regnar eller blåser stormkast er vi ute. Stien opp er som ei renne i dypsnøen, bratt oppover lia.  Kjenner kvar meter av stien, som gir ein enorm helsegevinst. For ein tur ut i naturen er bedre enn medisin på blå resept»

Dette var utdrag fra innlegget til mannen fra Lillehammer.

 

Men attende til «oss»: 

 

Kvifor MÅ vi slite og streve  oss opp igjennom lia til denne forfalne sætra i alt slags vær ?

 

Vi er 5-6 damer som har sett det som «vår oppgave» , å halde denne stien farbar for folk flest, også om vinteren.  Det er ikkje første vinteren vi har baska i snø til langt oppå  låra, nei slik har det vore før også.  Men det gløymer vi.  Men i år har det virkeleg vore strevsomt å halde stien åpen.

 

Mandag 15. var vi 3 stk som brøyta oss opp. Den eine med truger, så da vart stien brei og fin.  Men så kom det på nytt eit stort snøfall, pluss vind, så da var arbeidet ugjort.  Så i dag var det på'n igjen.  Og ny brøytetur.

 

Men du og du så fint det er... heilt stille i skogen, ikkje ein lyd.  Ein må berre stoppe opp og nyte, men ikkje stoppe for lenge... for da kjem korpen . Han svirra over meg, men han skjønte vel fort at det var nyttelaust å prøve seg?  Du får opp pulsen opp igjennom lia her, ingen fare med det. Sveitt blir ein og...  Oppi Gaupholet var det ein del kvist som låg over løypa, så her skal det ryddes. Trea er så tunge at dei knekk som fyrstikker .  

 

Å beskrive stemninga på sætra er vanskeleg, den må du berre oppleva !!  «Ha sjelda sett så mykjy sjog  liggje roleg så lengje. Den er som klistra på trea»

 

Mobilen er med,  «for sikkerhets skuld».  Men mest for å ta bilder, og mange bilder har det vorte .  Velværet ein kjenner på etter ein slik tur er balsam for kropp og sjel.....

 

Trimturar i nærområdet

Her sitt eg inne og "kurar" og ser ut på det fantastiske veret utanfor døra.  Det kriblar i heile kroppen for å komme seg ut - men det har ryggen sett ein veldig effektiv stopper for. 

Men da er vi heldige som har andre trimmarar som bidreg med stoff på trimbloggen.  Først ute er Solveig H - her frå to turar i nærområdet hennes - først frå måndag og deretter frå midnattstur tysdag:

Fra trugetur på mandag opp Stormyrberga, Gapahuken og Grind.  En Stor takk til dere engler som sager, kvister og hogger så det blir lett å ferdes for oss andre!  Rusken og Solveig  

 

 

 

Hei Reidun. Ser at du ønsker en liten rapport fra stiene. Her er bilder tatt tirsdag kveld kl 24. Trugetur til gapahuken i Styggdalen. Gikk opp og ned om Grind,  og selvsagt Geilen da.  Men det har jo kommet litt snø etter dette igjen.  Håper du blir bra att i ryggen snart.  Fra Solveig H.

 

Litt humor på trimbloggen

Nå har vi snødd ned - eller....  Klarer brøytemannskapet å halde stiane i nærområdet ope nå tru..? 

Eg har f.t resept på fritak for brøyting da ryggen har slått seg totalt vrang.  Så da er det å håpe at stiane blir framkommelige til eg dristar meg ut på tur att. 

Har du bilde / litt stoff frå dine trimturar tek eg meir enn gjerne imot det:  remaso@online.no / tlf 994 13 627

Da kan vi kanskje "kose" oss med litt humor - sjå under:

Stien til Teigsetra VAR nybrøyta

Tre damer var på setra i går i litt surt ver.  Som vi ser av bilda under så er det nå meir enn nok snø på setra. Og berre så det også er sagt:  Nå lavar det på nytt ned - så snart er det atter ein gong behov for brøytetur hit.  Frå Tove:

I startgropa for meir brøyting og rydding

I dag er meldt om masse snø og vind.  Så da blir nok behovet meir enn stort for ny innsats frå brøyte- og ryddegjengen - igjen.  Under bilde frå turar i går. 

Her er det "klatring" oppover stigen i Stormyrberga: 

Og Olaf og Solveig har på nytt brøyta stien til Åkroken/Furuli:

 

Vinter-tur-o på plass

Tove har nå lagt ut 10 vinter-tur-o-postar i vårt nærområde. Siste tur-o-post oppi Nedre Søljurusti fekk sin plass for vinteren denne veka (sjå bildet under). 

Så nå har du ein god anledning til å legge trimturane dine ut i naturen i vårt nærområde - bl.a til: Hånåhoppet - Gapahuken i Grindberga - Tårudberga - Åkroken - Teigsetra. 

Klippekort og postbeskrivelse kan du finne ved startbua i lysløypa til Tormod Skilag.

Det er vinter

Nå er det vinter i Norge - så til de grader.  Olaf har lagt ut bilde frå vårt flotte turområde oppi Grindberga.   Frå Olaf:

Sti nr. 15 Styggdalen er tråkka opp med truger og  videre til Hånåoppet og ned til Gudbrandstugu. En del nedfall, noe er ryddet, men motorsag må til får å ta det som er grovt.  Styggdalen er nå grei å gå, men nødvendig med truger, staver og snøsokker.

Men til tross for snø og kulde, vinterlivet går sin gang. Haren (snowshoe rabbit, snøskohare), har lett for å finne mat. Den spriker med baklabbene, de blir som truger, den hopper oppå og følger snømengda og beiter seg oppover krattet til fersk knupp og skudd. Mikkel har det nok verre, det er ikke lett å snuse seg ned gjennom dypsnøen til smågnagerne. Grønnhakkespetten som hadde et festmåltid inne i en maurtuve rett oppom Hånåhoppet hørte nok ikke at noen kom i laussnøen og kom med enskikkelig høy lytt protest for å bli avbrutt i måltidet. Men flaggspetten som satt i toppen på en halvråtten tørrfuru hadde funnet seg en solrik plass for å få et måltid av åmer og insekter.

Mvh. Olaf

 P12_T_TIME=7105,FG=114688000,FT=-35127296,NIR=0,GM=0,CDS = 2,CT=1,EV=128,TY=45,PY=92,DY=111,GB=0x27,NY=128,AE(0,160,80,160,320),P12_T_TIME=1852,FG=73728000,FT=1494482944,NIR=0,GM=0,CDS = 2,CT=1,EV=128,TY=34,PY=92,DY=90,GB=0x14,NY=128,AE(0,320,80,160,320),1

Eventyrver - eventyrskog: Kort sagt: Eventyrleg !

I dag var det enda ein eventyrleg vinterdag.  Litt kaldt kanskje - men.... 

 

Etter ein akutt strekk i ryggen var den såpass bra i dag at eg berre måtte ut ein tur.  Eg måtte hatt ein veldig gyldig grunn for å halde meg inne i dette veret.  Turen gjekk oppover Grindberga - og eg var ein svipptur innom Svartberget.  Berre så det er sagt:  Nå er det veldig godt tråkka og rydda i stiane oppover her.  Brøytemannskapet har gjort jobben - og vel så det! 

 

Så eg fekk ein aldeles topp tur - og eg trur også ryggen tåla turen godt.  Kjennes iallfall ikkje verre ut etterpå.  

 

På Svartberget vart det ein kort stopp - sola skein enda i Sorperoa:  

 

Vel heime att nådde eg akkurat solnedgang:

 

Og her kjem eit januar-dikt på kjøpet:

 

En rød morgen......

Kl 9 i dag tidleg:  18 minusgrader - vindstille - og ein blodraud himmel (sjå bildet under).  Utover dagen ville det vise seg om dette gamle ordtaket - og Yr-meldinga - ville stemme:  En morgen rød gir en stormfull dag. 

Skumringens time kom sigande etterkvart - men den meldte vinden lot vente på seg.  Trea var like snøtunge og  julestemninga like fin som før (sjå bilde under).  Gudskjelov bom frå Yr - sjølv om vi jo hadde sagt meir enn ja takk til nokre av de gradene vi vart lova.  For gradestokken steig til minus 13 utpå eftan - iflg Yr skulle den vise 0.  

Så da har vi framleis ei fantastisk julestemning rundt oss på alle kantar.  La den få vare !

 

Vinterlig friluftsliv

Frå Olaf:

 

Vi opplever en snørik og ekte norsk gammeldags vinter med mange og varierte friluftsmulighetene i nærmiljøet, tilfots, på truger eller ski.

 

Lysløypa er oppkjørt og flere av råka i Grindberga og Øldalen er brøyta så de kan gås uten truger. DNT Gudbrandsdalens turprogram 2018 er kommet med 84 fine friluftsopplevelser i midtre og nordre Gudbrandsdal. I nærmiljøet er det guida tur til isslotta i Vinstraelva søndag 21. januar og onsdag 7. februar er det tur innover Øldalen til Furuli. Detaljert program for turen til Øldalen med tre alternativ ligger på facebooksida til Frisklivsentralen Nord-Fron Kommune. På Gålå er det 230 km. preparete løyper, heiser og mange nedfarter med forskjellig vanskelighetsgrad. Onsdagskveldene er det kveldskjøring med instruksjon for store og små i Blåbærfjellheisen.

 

Ingen unnskyldning for ikke å komme seg ut. GOD TUR. 

 

Mvh. Olaf

 

  OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Les mer i arkivet » Februar 2018 » Januar 2018 » Desember 2017
Reidun Magny Solberg

Reidun Magny Solberg

67, Nord-Fron

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker